Ål og Hol Mållag ønskjer velkomen til ein kveld med og om Nynorsk Salmebok!
Me vonar å sjå deg – gjerne med følgje – på Evjens Minne på Ål måndag 25. mai kl. 18.00
Det er billetsal i døra, anten kontantar eller Vipps. Billettpris kr. 200.
Nynorsk Salmebok var eit viktig steg framover mot jamstilling av nynorsk og bokmål som kyrkjespråk. På møtet skal dette skje:
Anders Aschim fortel om Elias Blix og Nynorsk Salmebok
Gunnlaug Lien Myhr fører oss inn i salmesong-tradisjonen i Hallingdal
Ål Kantori med dirigent Vemund Olav Aukrust stør opp om allsongen.
Programleiar er Sigrun Høgetveit Berg.
Det har vore sagt at Elias Blix kristna landsmålet med salmane sine, som raskt vart folkeeige. I veka før Folkemusikkveka kan du koma i stemning ved å gå innom Ål bibliotek og sjå utstillinga om Elias Blix!
Omtalen i programmet for Folkemusikkveka finn du her: https://www.folkemusikkveka.no/
