Vedtatt ved stiftinga av laget.
§ I
Aal Mallag har til fyremaal aa vekkja samhug med maaltanken, og hjelpa fram det norske folkemaalet.
Det er millom anna:
a. faa norskmaalet inn i skule og kyrkja
b. faa folk til aa lesa norske blad og bøker meir og meir.
§ II
Lagsmann er kvar, som legg minst 25 øyre årleg i kassa.
§ III
Styret for Aal Maallag vel dei paa aarsmøte, for eit aar; det skal vera 5 styresmenn. Dei vel seg imillom formann, varaformann, skriver og reknskapsførar. Aarsmøte vel tvo, som skal sjaa igjennom rekneskapen for det aar som kjem.